Kaldbaking av båt.Epoxy. Byggjing av båtar i Westsystem kjem frå USA. Rundt 1980 vart det meir vanleg å selja epoxy i Norge, som var berekna på båtbygging. Epoxy er ein sterk lim , som ikkje forandrar seg under herding. Den er tynn og trekkjer godt inn i tre. Dessutan har vatnet vanskelegare å trekkja gjennom epoxy enn f. eks. polyester. Tre. Tre er utan tvil blandt det stivaste matrialet som finst , i forhold til vekta. Treet har også gode eigenskaper når det gjeld strekk og trykk, i forhold til eigenvekta. Tre er heller ikkje dyrt . Det er enkelt å forma og eit matrial som veks i natura. Svakheten med tre er at det trekkjer til seg vatn, vert tyngre og rotnar. Ved bruk av kaldbakingsmetoden går ein klar alle desse feila.  Matralene vert krysslimt.
Vågsnesbåtane.
Båtane vert bygde over ein jigg med kjølen opp. Ein brukar 4 lag matrialer som vert krysslimt. Det siste laget vert langsgåande. Delen med kjøl og propelltunnell vert støypt i glassfiber og etterpå limt og skrudd fast til båten.
 Kjøl og tunell er limt på plass.
Innvendig vert skroget fri for spant. Det er kun motorfundament, skott m.m , som vert montert i skroget. På den måten får ein god plassinnvendig. Og skroget vert sterkt og lett. Alt under dekk vert forsegla med epoxy.  Skroget innvendig.
Overbygg. Overbygget vert nå byggd i Divinycell/glassfiber. Hyttesidene er 15 mm. og alle tak i 20 mm. divinycell.
 Divinycellplatene vert skore til. Kunden kan bestemma farge på overbygget. Overbygget vert ferdig isolert og 100% tett. Vinduene er i 5 - 6 mm. glass og limt fast + alum.lister.
 Overbygg i divinycell.
Det kan brukast forskjellige matrialer til innreiding. Teak, mahogny . eik eller andre treslag vert brukt.  Førarplassen i 26' båt.
På båtar med sjølvlensande dekk vert montoren montert ute under dekk. Det er vanntette skott frammom motoren. Det vert då ein heilt turr båt innvendig.  Rommet under dørken er heilt turrt.
Det vert monter forskjellige motorar. Yanmar, Perkins, Vetus og Nogva Nanni. Ved denne byggjemåte og spesialteikna propelltunnell får båtane bra fart i forhold til motorstørrelsen.
 22 knop.  20 knop.
Båtane er heilt turre innvendig og kan brukast om vinteren. Skroget vil heller ikkje sprikka og rotna ved denne byggjemetoden. Ein får ein båt som kan brukast i mange år og vedlikehaldet er enkelt. Båtane vert også rimelegare å byggja enn glassfiberbåtar i same størrelse. Form og størrelse kan kunden bestemma sjølv. Båtane vert CE merkte.
|